For meg blir tida mellom fin haust og skikkeleg vinter meir og meir traurig for kvart år som går. Ikkje er det triveleg på fjellet, i skogen berre glatt, vått og grått, vegar og stiar blir uendelege gjørmehav og dagslyset kan ein berre drøyme om.
I år var det Harald Thingnes, kjent frå Sporten på NRK, som kom med medisinen som hjalp meg gjennom desse vekene: Han har intervjua fjorten av de store norske skistjernene om korleis dei første skiopplevingane deira var, og dette har vorte ei rett triveleg bok! Det er ikkje ei bok om vidunderbarn, treningstips eller entusiastiske (skråstrek overivrige) foreldre, men artige historier, tapte konkurranser, arva utstyr, varme parkdressar og genuin kjærleik til vinter, ski og natur.
I tillegg til samtalane med skifolket, inneheld boka fleire private bilete frå skiturar intervjuobjekta hadde som barn. Det er her eg synes deet glepp litt, men det har ikkje med bildematerialet å gjere, det er derimot måten dei blir presentert på.
eksempel frå boka |
Dette er nok ei bok mest for dei spesielt interesserte, men kven veit? Den har godt potensiale for å få julepapir rundt seg, og i ein såkalla mellomsesong for proffane og førebels lite snø i store delar av landet, kan det vere fleire enn meg som kan få behov for litt ekstra langrenn og skiglede!
Den første skituren-
slik starta eventyret for dei norske skistjernene
Av Harald Thingnes.
108 sider
Leseeksemplar fra forlaget.