mandag 1. april 2019

Storegut av Aasmund Olavsson Vinje

To fluer i ein smekk er fint! Tema for Heddas bokhyllelesing i februar var Les ei bok som blei skreve eller utgitt på 1800-tallet. Tema for Artemisias diktlesesirkel i mars var klassikar frå 1850 til 1950. I hylla sto Vinjes langdiktet "Storegut" i jubileumsutgave, så dermed var den saka grei!
Slik presenterer forlaget forfattaren og langdiktet:
Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) er ein bauta i norsk kulturhistorie. Han var redaktør for Dølen, den første nynorske avisa, han var nyskapande journalist og er blitt ståande som ein av våre store, folkekjære lyrikarar. Diktverket Storegut kom ut i 1866 og er eit klassisk verk i den norske bokheimen.
Den dag i dag er verket kjent for mange lesarar, som denne strofa frå Det syng fyr Storegut:

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer;
for um eg søver, eg um deg drøymer.
Um natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når myrkt det er.
 

Storegut var ein historisk person som levde i Telemark på slutten av 1700-talet, og har levd på folkemunne heilt sidan den gong. Mange kunstnarar har late seg inspirere av kjempekaren frå bygdene i Telemark. Denne utgåva inneheld illustrasjonane til Storegut av Harald Kihle og Henrik Sørensen.
Eg tør påstå at Vinje bør vere eit kjent namn for dei fleste, og om det ikkje ringer ei klokke av atkjenning, vil det kan hende hjelpe på minnet om eg nemner "Ferdaminne frå sumaren 1860" med det kjente diktet/ songen "Ved Rondane" (No ser eg atter slike fjell og dalar som deim eg i min fyrste ungdom såg osb.) eller den sorgmilde barnesongen "Blåmann, Blåmann bukken min" som er ein del av langdiktet om Storegut- for ikkje å gløyme den gamle femti-lappen!! Den har nok dei fleste hatt befatning med!!
Eg har tidlegare hatt stor moro av å lese nemde "Ferdaminne" som i grunn er eit reisebrev frå turen Vinje gjorde gjennom Sør-Noreg i samband med kroninga av Karl XV i Nidaros. Det er fascinerande at ei så vidt gamal historie har så stor appell den dag i dag. Mykje av grunnen er truleg at Vinje var både politisk ukorrekt og ironisk, han gjekk ikkje rundt grauten, og han blanda fyndige skildringer av natur og menneske han møtte med lyrikk og poetiske avsnitt. Ein del av denne fotturen gjekk frå Østerdalen opp på fjellet og vidare nordover, og det er her mitt forhold til Vinje har grobotn; her ved Vinjevegen (sjølvsagt kalla opp etter forfattaren) har vi seter og eg er lommekjend i området. Eg treng neppe utbrodere kor artig det er å lese desse avsnitta i boka, om ferda opp lia, over dei mosedekte flåene og møtet med huldra på Helaksetra? Kosteleg!

Nu vel... Tilbake til "Storegut"! Dikta om Storegut vart trykt i "Dølen" frå desebmer 1865 til september 1866, og gitt ut i samling i 1868. Dikta er lettleste med enkel rytme og enderim, og saman fortel dei ei historie om ein bygdeoriginal, ei historie som slett ikkje ender godt. Eit slitsomt liv som ender i tragedie- med ingredienser som kjempekrefter, samfunnsliv, menneskelagnadar, armod, ulukkeleg kjærleik, sjalusi og mystikk, er det lett å sjå at dette var (og er!) ein ultimat føljetong egna til å halde på interessa både til 1800-talets avisabonnenter og 2000-talets amatør-diktlesarar!
Bør vere kjent for dei fleste ;o)

*********************************************
 
Storegut av Aasmund Olavsson Vinje
Illustrert av Harald Kihle og Henrik Sørensen 
126 sider + noter og kommentarar
Mi utgåve frå Samlaget 2018

4 kommentarer:

  1. Tenk at jeg aldri har koblet Blåmann og den gamle femtilappen ��
    Jeg erkjenner at det finnes VISSE hull i det som durde vært barnelærdom/ allmenn-kunnskap.. Det er godt man kan lese bokblgger!!
    M. ( som i Maria, du vet..)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det finnes et visdomsord om å lære noe nytt hver dag, og at man kan finne denne lærdommen på bokblogger bør ikke overraske ;o)

      Slett
  2. Vinje har jeg lest mer om enn av, kjekt å bli bedre
    kjent med ham her hos deg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tipper du også kommer til å nikke gjenkjennende til mye hvis du leser noe han har skrevet. Morsomt å bryne seg litt ved å lese fra kategorier man ellers ikke prioriterer :o)

      Slett

Hva synes du? Enig? Vet ikke helt? Legg gjerne igjen en kommentar ☺