tirsdag 3. mai 2016

Dei som flyktar og dei som blir, av Elena Ferrante

Norsk framsida
No har eg høyrd- og lese- bok nummer tre i den såkalla "Napoli-kvarteten", og eg er like fascinert no som eg var etter dei to første bøkene!
Bakgrunn for heile historia var at Elena fekk vite at Lila var forsvunnen, og bestemte seg for å skrive alt ho visste og alt ho kunne kome på fra barndomen, oppveksten og det livet som fram til då hadde dreid seg om og hatt referansar til nettopp Lila. Ho ville skrive alt, presis slik ho hugsa det- på den måten trudde ho det kanskje kunne vere mogleg å lokke eller skremme henne fram frå gøymestaden sin. Lila var altfor opptatt av kontroll til at ho ville la noko slik skje utan at ho fekk sett etter at alt vart rett- eller aller helst for å setta ein stoppar for heile skriveprosjektet til venninna?
I dei førre bøkene handla det om barndom, oppvekst, løsriving og å finne seg sjølv. Elena var tilsynelatande den heldige som fekk gå på skule, vidare på universitetet- og dermed vekk frå Napoli og bydelen. Lila derimot, måtte tidleg begynne i farens skomakarvekstad. Ho gifta seg svært ung med Stefano fordi ho såg det som ein veg bort frå fattigdom, vald, skam og alle dei andre stengsla spesielt kvinnene var omgitt av. Det viste seg fort at ho ikkje hadde gjort det klokaste valget, ekteskapet gjekk over stokk og stein på fleire vis, og no då vaksenlivet har innhenta dei to venninnene er dette situasjonen:
Italiensk/ engelsk/ amerikansk framside
Lila arbeider først som kjøtskjerar på ein fabrikk, ho har reist ifrå ektemannen og bur saman med sonen og Enzo som er ein barndomskamerat. Dei deler husrom, men ikkje seng. Enzo jobbar på dagtid, men om kvelden tek han eit brevkurs som blir ein billett inn i ein helt anna verden- både for Lila og han; dei blir holkortoperatørar i IBM!
Elena som fekk overraskande stor suksess med boka si, er no gift med ein forknytt og pertentleg akademikar fra ein fin familie, har flytta til Firenze og har to små jenter. Ho kjenner det som at ho blir eten opp av krava som blir satt til henne som mor og husmor og av forventningene om at ho skal skrive ein ny roman like grensesprengande som den første. Ho kjem til kort på alle områdene, og då Nino, den store Hjarteknusaren frå Napoli og Ischia, plutseleg står i kjøkkenet hennar, som mannens kollega, er det som grunnen blir riven bort under føtene hennar.
I desse åra har ikkje Elena og Lila spesielt mykje kontakt, og når dei først treffast eller snakkar saman i telefonen, ender det som regel i krangling og ufine skuldinger. Den dårlege tonen mellom dei, skyldast kanskje at det fortsatt er ein konkurranse mellom dei? Den eine vil alltid ha noko den andre har: fridom, sjølvstende, makt, relasjonar, status...

Det er ikkje lett å sette fingeren på kva det er som gjer "Dei som flyktar og dei som blir" til ei slik intens leseoppleving, men det har rimelegvis mykje å gjere med at det er ei spesielt uroleg tid som blir skildra. Det er studentopprør, kvinnefrigjering og klassekamp med eit salig kaos av kommunistar, fascistar og terroristar. Alt dette politiske er kan hende fjernt for mange, men dei fleste vil likevel finne mykje av det som skjer på det nære, prsonlege planet gjenkjenneleg: Draumen om å kome seg vekk, kiving og konkurranse mellom vener og innen familien, kampen det kan vere å gjere utradisjonelle valg- og ikkje minst prisen ein må betale, enten ein velger det eine eller det andre; å bli eller gå, å føye seg eller slåss.

Det er mange som har skrive mykje- og fint- om Napoli-krøniken, men ettersom det av naturlege grunner ikkje finst noko intervju av forfattaren, vil eg foreslå NRK sitt reisebrev/ artikkel/ intervju med den briljante Kristin Sørsdal som har oversatt bøkene. Artig både å sjå og å høyre, men og litt rart ikkje å høyre Silje Breivik, som i fantasien min har vorte ei slags personifisering av både forfattar, oversettar, opplesar, Elena, Lila, mødre, søstre, svigerinne, nabokoner...
Siste bok i serien kjem til hausten- det er berre å glede seg!

**************************************

ca 500 sider/ 15 t, 20 min
Glimrande lese av Silje Breivik
Framifrå oversatt av Kristin Sørsdal 

Takk til forlaga for filer av ymist slag!


2 kommentarer:

  1. Kjempeflott omtale! Det er en stund siden jeg leste den, så da var det godt å lese dine tanker om romanen. Er hjertens enig med deg at dette er en bra bok, så som resten av serien. Også enig i at det ikke er lett å sette ord på hva som gjør den så medrivende/interessant/spennende å lese :)

    SvarSlett
  2. Jeg er så enig at dette er en fantastisk serie som man blir helt involvert i på en måte man ikke skjønner. Det er nok den direkte talen til leseren, nesten som om det er et brev, fra en venn på en måte. Fantastisk at du har skrevet omtalen på nynorsk og så morsomt at det er flere enn meg som går inn i nynorsk-rollen, når man hører Silje Breivik sin vakre stemme. Mannen min blir iritert på meg når jeg flyr rundt og tulleprater nynorsk, han syns jeg går litt for mye inn i storryen, men er det så farlig! Det er herlig, gleder meg til siste boka kommer som lydbok, for det er noe av magien når Silje leser.

    SvarSlett

Hva synes du? Enig? Vet ikke helt? Legg gjerne igjen en kommentar ☺