torsdag 7. januar 2016

Lev vel, alle av Hilde K. Kvalvaag

Samlaget, 2015
288 sider
Lese-eksemplar frå forlaget

Dette skriv forlaget om boka:

Motvillig blir den seksten år gamle Knut med mora Gunhild til Canada. Dei skal følgje fotspora til oldefaren som forlét familen og seks born i Noreg for aldri å kome tilbake. Knut har droppa ut av skulen etter ein alvorleg valdsepisode og mora håper at turen skal bli eit vendepunkt. Ho har sjølv sine grunnar for å ønskje seg vekk. Reisa fører dei ut i den canadiske villmarka, der ingenting blir som dei hadde trudd.

Dette er nok ei av dei bøkene som fekk over middels mykje merksemd i bloggverda i fjor, og i farta kan eg ikkje kome på at det var nokon som skreiv anna enn fint om ho. Konsekvensen er at lista blir lagt høgt, og då blir eg bestandig litt nervøs. Denne gongen viste det seg- igjen- at frykta var grunnlaus! (No eg snart lære meg å stole på intuisjonen min når det gjeld bøker- om eg har blinka ut ei bok eg har trua på, så kan det faktisk hende at den er bra sjølv om mange andre ropar hurra og heiser flagget til topps*!)

Utover det med oldefaren, har mor og son temmeleg ulike motiv for reisa til Canada. Mora har bestandig vore rastlaus og impulsiv. Ved sida av at ho vil prøve å finna tilbake til det fortrulege forholdet ho og sonen hadde tidlegare, er det tydeleg at ho lengtar etter vitnesbyrd på at ho er meir enn berre mor til Knut. Knut vil nok berre vekk, utan at han har eit gjenomtenkt oppfatning av at akkurat Canada kan vere løysinga på problema hans.
Kvalvaag har skrive ei intens bok, der lesaren heile tida er redd for at noko rett ille skal skje. Gunhild som kan vere både godtruande, litt desperat og ikkje minst kan ho ta litt lett på konsekvensanalysene. Knut som berre forsvinn utan å sei i frå om kva eller kvar han skal, som helst ikkje seier meir enn han absolutt må, som har frykteleg mykje aggresjon og frustrasjon i seg- og som nok har arva litt av mora si manglande evne til å sjå at det eine fort kan føre til det andre.
Her bles det opp til storm!
Etter at høgdepunkta er over og spenninga kulminerer, blir eg litt skuffa over slutten. Utan å røpe for mykje, synest eg ting legg seg litt for lett og godt til rette. (Litt same kjensla som om du bles meir og meir luft inn i ein ballong, men i staden for at den venta eksplosjonen, misser du den så den fyk av garde, og då du finn den at, ligg den der berre som ei lita, slapp og skrukkete gummilefse. Det var artig og spanande så lenge det varte, liksom...) På tross av den litt skuffande avslutninga, er dette ei knakande god bok, ikkje minst har det vore mange fine miljøskildringer og som mange andre vil eg halde fram språket som ei av dei aller største styrkene ved "Lev vel, alle". Eit lite døme frå side 215:
Han hadde ramla i elva. Var det ei ulykke? Ingen visste. Han hadde eit følsamt hjarte, sa presten i gravferda. Eit skjeldant følsamt hjarte. Ho sat i kyrkja fylt opp av eld og is. Høyrde (...) hjarteslag i kyrkjeklokkene. Etterpå hang stilla over huset som ei tung vinterdyne.
Flott, ikkje sant? I boka er det mykje av same kaliber, så eg gir varme anbefalingar, og ser ikkje bort frå at denne kjem til å få mange nominasjonar til Bokbloggerprisen som er like om hjørnet!


* Litt digresjonar må ein ha!
Ikkje så flink med bokstavar, men glad i bøker og lesing!
 Eg prøver å lære meg nynorsk, og då må eg slå opp dei gongane noko skurrar...
To plassar i boka, står det motsette uttrykket, nemleg "til botnars". For meg var dette uvant, og sjølv om eg syntes det halta, er det heilt riktig ord- eg har sjekka med nynorskordlista! Det same gjeld for "øydemark", som eg syntes harmonerte dårleg med at det ellers stod om stadar som var aude. Ordlista seier så klart at øydemark er rett, og det finnst heller ikkje noko anna sidestilt ord, om ein ikkje velger å skli unna "problemet" og skriv til dømes "villmark"

6 kommentarer:

  1. Så kjekt at også du likte denne boken, for hva er der å ikke like? Herlig at du øver på nynorsk og slår opp ord som ikke klinger i dine ører :) Jeg kan røpe at jeg har nominert den :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Den ligger nok godt an til å bli med videre, trur jeg! Det blir spennende å sjå!

      Slett
  2. Herlig! En av årets (2015) beste bøker for meg. Håper alle som liker den gir den rikelig med poeng..:) Det kan gå alle retninger i år, virker det som , ingen bøker som peker seg ut sånn som i fjor, så her må folk stemme inn de de virkelig liker altså::) (ingen hemmelighet at den kommer på min liste i løpet av kvelden, sliter bare med å velge ut der resterende samt rekkefølge siden det er så mange jeg liker like godt omtrent)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg har grublet meg fram til at det eneste kriteriet for å komme med på den lista i år, antakelig er at boka ikke kan være over middels lang! Mange (inkludert meg sjøl, dessverre) har litt sperrer for å kaste seg over de tyngste kolossene. Spent på resultatet ;o)

      Slett
  3. Så fine språklege bilete :) Har ikkje lese boka, men når eg las omtala di kom eg på at det var mykje skriving om ho. Kanskje eg skal ta ein titt sjølv :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei!
      Jeg trur absolutt dette kan være ei bok som kan falle i smak!

      Slett

Hva synes du? Enig? Vet ikke helt? Legg gjerne igjen en kommentar ☺