onsdag 25. november 2015

Kort om den første skituren- med små glepptak i bakkane.

Som nokre kanskje har fått med seg, er eg over middels glad i vinter, snø og ski. Både tv-varianten og den som bit seg fast i kjakar, fingrar og føter. No har eg utvida repertoaret til også å omfatte skiturar i bokform!
For meg blir tida mellom fin haust og skikkeleg vinter meir og meir traurig for kvart år som går. Ikkje er det triveleg på fjellet, i skogen berre glatt, vått og grått, vegar og stiar blir uendelege gjørmehav og dagslyset kan ein berre drøyme om.
I år var det Harald Thingnes, kjent frå Sporten på NRK, som kom med medisinen som hjalp meg gjennom desse vekene: Han har intervjua fjorten av de store norske skistjernene om korleis dei første skiopplevingane deira var, og dette har vorte ei rett triveleg bok! Det er ikkje ei bok om vidunderbarn, treningstips eller entusiastiske (skråstrek overivrige) foreldre, men artige historier, tapte konkurranser, arva utstyr, varme parkdressar og genuin kjærleik til vinter, ski og natur.
I tillegg til samtalane med skifolket, inneheld boka fleire private bilete frå skiturar intervjuobjekta hadde som barn. Det er her eg synes deet glepp litt, men det har ikkje med bildematerialet å gjere, det er derimot måten dei blir presentert på.
eksempel frå boka
Lay out eller design, er vel gode nynorskord for det eg meiner kunne vore mykje sprekare. Det kan tenkjast at dei som er betre skolert og meir bevandra i designerverda vil argumentere for at dette er stilsikkert eller retro, men hadde dei spurt meg om råd, ville eg nok tipsa om at sidene med bileter kunne lagast som "albumsider", til dømes med slike "hjørne-trekant-fester" og handskrift under bileta. Sikkert ikkje revolusjonerande det heller, men eg trur det hadde sett bedre ut.
Dette er nok ei bok mest for dei spesielt interesserte, men kven veit? Den har godt potensiale for å få julepapir rundt seg, og i ein såkalla mellomsesong for proffane og førebels lite snø i store delar av landet, kan det vere fleire enn meg som kan få behov for litt ekstra langrenn og skiglede!

Den første skituren-
slik starta eventyret for dei norske skistjernene
Av Harald Thingnes.
108 sider
Leseeksemplar fra forlaget.




2 kommentarer:

  1. Er ikke så superbegeistret for ski, selv om jeg bor i et skimekka, og jammenta skal være turleder for en gruppe over finnmarksvidda nå i vinter. Men sånn kan det gå. Med det eksemplet du viste er jeg helt enig med deg, her mangler det noe i layouten. Selv om man skriver om og trekker frem bilder fra gamle dager, trenger man vel ikke å gi inntrykk av at boka er utgitt på 1970 -tallet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Skitur over Finnmarksvidda kan vel ikke bli annet enn minneverdig?! Det hender vi får glimt av nordlyset her, men det er en drøm å dra nordover vinterstid for å få oppleve det virkelig storslagne. Det burde vel gå an å få til det... Men ikkje i dag...

      Slett

Hva synes du? Enig? Vet ikke helt? Legg gjerne igjen en kommentar ☺