onsdag 20. februar 2019

Jordmor på jorda- Huset under Blåhammaren av Edvard Hoem

Ringen er slutta. På ein måte er dette både den første og den siste boka i Edvard Hoems storslagne slektskrønike om Slåttekaren Knut Hansen Nesje, forfattaren sin oldefar, dei som kom før han og dei som kom etter. For meg begynte det med "Mors og fars historie" i 2014, som eg las medan eg venta på at boka om slåttekaren skulle bli ledig på biblioteket. For at det skulle vorte rett kronologi, burde eg derimot ha begynt på den første boka som kom ut om "Jordmor-Stina", den som vart skriven i samband med hundreårsjubileet til Jordmorforeninga- Hadde ein støtt visst på førehand det ein veit etterpå, er det mykje som hadde sett annleis ut enn det faktisk gjer! Til alt hell er ikkje dette ein uoppretteleg feil; no som eg har hørt den nye historia om Hoems tippoldemor har eg lasta ned boka om slåttekaren på nytt, og er meir enn klar for ein ny rundtur i Karviland ;o) (Etter den, kan det tenkjast at eg og les/ høyrer "Mors og fars historie" og "Heimlandet Barndom" om forfattarens sin oppvekst på nytt. Knakande gode bøker toler å repiterast, tenkjer eg.)
Som det blir sagt i forordet, er boka om huset under Blåhammaren ei utvida utgåve av boka som kom ut i 2008. Hovedpersonen er Marta Kristine Nesje, husmannsjenta som i 1821 gjekk til fots frå Romsdalen til Christiania for å utdanne seg til jordmor. Håpet og trua var at vinteren på jordmorskulen skulle gjere det lettare å bli akseptert som jordmor, men motviljen mot den nye ordninga som vart tredd nedover hovudet deira satt djupt. Det gjekk så langt at ho til slutt gjekk til sak mot dei familiane som lot vere å tilkalle jordmor då ein fødsel nærma seg, og heller sende bod etter dei gamle fødekonene frå gardane rundt. Slik historia blir fortalt her, var det mannen hennar som av økonomiske runnar pressa på for at ho skulle kreve retten sin. Ho vann fram i retten, men det var ingen automatikk i at det vart enklare av den grunn. Fortsatt var skepsisen stor og dei økonomiske vilkåra tronge, både for dei gravide og for jordmora.
Om ein samanlikner dei to bøkere om Jordmor-Stina som ho vart kalla, er den siste sjølvsagt meir utfyllande, (speletid 9:11 og 4:10 timar). Det som allereie er sagt, blir meir detaljert, fleire episodar er lagt til og det er meir drama på heimebane. Ikkje vanskeleg å forstå at forfattaren ville gjera meir ut av denne fascinerande historia som jo vart starten på den suksessrike seiren om familien frå Rekneslia ved Molde.

https://beritbok.blogspot.com/search?q=Edvard+Hoem
Klikk på biletet for å sjå kva eg skreiv om dei andre bøkene
Som vanleg har eg høyrd lydbok i staden for å lese sjølv. Fabelaktig lese av forfataren sjøl, og som alltid har det vore ei stor glede å høyre han les med fynd og klem! Ofte blir eg irritert hvis eg høyrer lydbøker som bli lest med for mykje dramtisering, men det kan eg absolutt ikkje sei her. I dette tilfellet er det jo ingen som veit betre enn innlesaren kor sint, frustrert, redd, fortvila, glad eller letta dei er, dei som bur og strever der i huset under Blåhammaren. Heile serien er knakande god, og har du ikkje lest bøkene endå, anbefalast dei varmt- og denne gongen treng du ikkje begynne med den første boka i serien! Begynn med den siste før du les eller høyrer resten i den rekkjefølga dei kom ut. Fortsett med "Mors og fars hisorie" og ta "Heimlandet Barndom" til slutt. Handlingsmetta, dramatisk, rørande, interessant og lærerik underhandling, er ord som går at i omtalane av serien. Eg kunne ikkje sagt det betre sjølv.

********************************
Speletid 9:11/ 349 sider
Lest av forfattaren sjølv
Biblioteket/ lydfil fra forlaget.

Det har ikkje vore lett å finne andre som har blogga om denne, det kjem opp flere som har lese den første utgåva, men Ingun (Kleppanrova) har lest begge utgåvene og er frå seg av begeistring, 
det same er den andre Berit.

6 kommentarer:

  1. Flott og fristande omtale, eg er enig i alt du skriv. Eg har òg lest begge utgåvene https://bokbloggberit.blogspot.com/2019/01/kort-om-jordmor-pa-jorda-huset-under.html

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra! Har lagt inn link til omtalen din ;o)

      Slett
  2. Jeg elsker bøkene til Hoem og har lest mange av dem. Jeg liker spesielt godt Ava Eva utenom disse bøkene, det er en historie om utviklingen og industralisering på vestlandet. Takk for link, også håper vi at han skriver flere bøker.

    SvarSlett
    Svar
    1. "Ave Eva" står allerede på leseønskelista, og hvis jeg tar meg på tak, kan det hende jeg får lest den mens vi venter på neste utgivelse! Hoem er antakelig en av våre mest produktive forfattere, så jeg kan ikke tenke meg at han plutselig har tenkt "å skru igjen krana"??!

      Slett
  3. Hmmm... Bra bøker sier du, men HVA er det som er så bra?? Jeg har ikke lest noe av det Hoem har skrevet, og tenker at... Tja... Hva da, egentlig? Det er bare et at jeg er skeptisk... Overbevis meg!!!
    M. (som i Maria)

    SvarSlett
    Svar
    1. Oi-oi-oi..! Overbevise deg, ja.. Hmm... Hvor skal jeg begynne??
      For det første er det et utrolig fascinerende romanprosjekt: han har tatt det han har av funnet av fakta om familiens forhistorie, gjort et formidabelt forarbeid for å få de historiske rammene så riktige og truverdige som over hode mulig- også har han dikta fram resten av det som trengs, blant annet folkenes tanker og følelser, for å skrive en fantastisk engasjerende slektskrønike.
      For det andre har han et fargerikt og morsomt språk- og da er det gull at han har lest inn lydbøkene selv!
      Å følge samfunnsutviklinga og å se Hvermannsens dagligliv i forbindelse med historiske hendelser i Norge og verden for øvrig har vært med på å gjøre dette til minneverdige lese-/ lytteopplevelser.
      I løpet av serien som strekker seg over flere generasjoner, blir persongalleriet stort og variert, og uten unntak trer hver og en fram som truverdige, levende mennesker av kjøtt og blod- de har sine gleder og sorger, indre kamper og drømmer. Miljøskildringene er detaljerte og realistiske.

      Så...? Hva trur du? Verdt et forsøk?

      Slett

Hva synes du? Enig? Vet ikke helt? Legg gjerne igjen en kommentar ☺