lørdag 16. januar 2016

Bror din på prærien, av Edvard Hoem

Eg har etter kvart lese- eller aller mest høyrd- mange av bøkene til Edvard Hoem. Om eg har rett, og om dykk ber over med ei litt lang utgreiing, så må det lukkelegvis koma minst ei bok til om den hardt arbeidande Hoem-familien, sjå berre her:
"Jordmor på jorda" handler om forfattaren si tippoldemor, Marthea Kristine Andersdatter Sør-Nesje, eller Jordmor-Stina som ho vart kalla på folkemunne, etter at ho bland anna gjekk frå Mode til Kristiania for å bli jordmor i 1821. Ei sterk forteljing om ei særs sterk kvinne som ikkje lot seg pille på nasen av nokon.
I "Slåttekar i himmelen" treff vi Knut Hansen Nesje, eller berre Nesje, eller Slåttekaren. Han vart født i 1838, som ein av Stinas søner, og altså forfattaren sin oldefar. Vi blir med han då han treff Serianna før første gong, og vi får sjå korleis dei slit og strever for å klare å brødfø seg og familien. Det er mykje slit, strev og bekymring, men og tru, håp og inderleg varme. Mellom 1825 og 1920 emigrerte omkring 800 000 nordmenn frå eit land prega av fattigdom og armod. Også familien Nesje fekk kjenne på korleis det var å sjå ein son og fleire nære familiemedlemmar, gå ombord i Amerika-båten.
I boka frå i fjor, "Bror din på prærien", får lesaren bli med Eilert Knutsen Reknæs på den lange reisa fra Molde til Trondheim, Bergen, Stavanger og Hull, før han etter mange år endar opp som nybyggar i eit heilt nytt land. Parallelt med at Eilert, Stor-Knutsons liv blir skildra, følger vi også mange av dei andre menneska vi vart kjende med i den førre boka, Gjertine som reiste til Amerika med familien sin, Kristine som fekk tjeneste i byen, Anton Edvard (oldefar til forfattaren) som sju år gamal måtte flytte til den barnlause tanta på endre sida av Gjendemsfjellet og ikkje minst slåttekaren Nesje og Serianna som innser at dei har mista alle sønene sine på forskjellig vis.
Kva "Mors og fars historie" handlar om, ligg sjølvsagt i tittelen, mens ""Heimlandet. Barndom" tek for seg Edvard Hoems eigen barndom.
Utover at ein sjølvsagt kan ønske seg meir om familiemedlemmar som førebels ikkje har fått fortald si historie, så manglar det utvilsamt eit slektsledd: besteforeldra har ikkje kome til ordet enda!

Felles for alle desse romanane, er at Edvard Hoem sjølv les på lydbøkene og at namn, årstal osb er riktige, mens forfattaren dikter meir eller mindre fritt for å gi liv og nerve til liva dei levde. Dette gjer han på imponerande vis! Bredt anlagt, står det, lågmælt, samseleg og høgtidsstemt er og ord som går at i fleire omtaler. Lesaren blir kjent med og glad i menneska, gler seg med dei når ting går godt og sørger med dei når dei slit. Ein kjenner kulde og frost, lukta av nybaka brød, høyrer vinden blæs, hesten vrinske og kjerrehjula knirke. Edvard Hoem har vorte kjend for eit blomstrande, presist og poetisk språk. Han er ein forteljar av rang og ein kultur- og historieformidlar i ei klasse for seg sjølv. Med fare for (nok ein gong) bikke over mot skamros: romanen er så perfekt som ein roman kan bli. Eg lener meg attende i godstolen og ser fram mot at Edvard Hoem kjem i mål med neste bok- eg føler meg trygg på at ho kjem!

Andre som har blogga om boka: Den andre Berit/ BokBloggBerit, Ingunn/Kleppanrova, Tine og Rose-Marie.
I tillegg vil eg tipse om ein god artikkel i Aftenposten- den bør dykk lese!

************************************************************************
(Du finn leseprøve/ utdrag frå boka bak forlagslenkene)
Speletid: 11 timar, 56 minutt
461 sider
Lydfil frå forlaget/ ebokbib.
 

13 kommentarer:

  1. Eg håpar og trur at du har rett i at det kjem (minst) ei bok til frå Hoem om forfedrane/-mødrene hans. Det gler meg å sjå at også denne boka fall i smak - og at omtalen er skriven på eit nesten prikkfritt nynorsk!
    vh Berit, Den Andre

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg blir mer og mer blodfan! Har akkurat lasta ned "Kjærleikens ferjereiser" som han slo gjennomm med- gleder meg til å høre den! (Også er jeg veldig glad for at "Prosjekt bokhyllelesing" ikke gjelder for lydbøker ;o)
      God helg!

      Slett
  2. Jeg likte omtalen din veldig godt.Jeg har stor sans for Hoem og har lest de fleste av bøkene hans. Nå gleder jeg meg stort til denne boka.

    SvarSlett
    Svar
    1. Du er heldig som fortsatt kan glede deg til å lese denne! Innimellom dukker det opp noen utrolig morsomme episoder, som da Eilert og Martha avtaler bryllup- ubetalelig ;o)

      Slett
  3. Jeg gleder meg også til hans neste og han har fortalt at han skriver på den. Jeg er fan av Hoem og syns ikke han har fått nok heder. Har du ikke lest Ave Eva anbefaler jeg også den.Takk for link

    SvarSlett
    Svar
    1. "Ave Eva" er notert! Jeg innser at jeg må lese meg gjennom hele forfatterskapet, og har allerede lasta ned lydbokutgava av gjennombruddsromanen hans, "Kjærleikens ferjereiser"- det gledes ;o)

      Slett
  4. Og jeg er så enig, så enig med deg! Dette er en av de aller beste norske 2015-utgivelsene jeg har lest! Og jeg stiller meg også bak at lydbokutgaven kan anbefales!

    Takk for link!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er noe helt spesielt med Hoems bøker! Nærheten til og innsikten i menneskenes følelser, kanskje? Det er jo fiksjon, men det føles veldig virkelig. Det fins helt klart en X-faktor her!

      Slett
  5. Ser at mange har lest denne boka og latt seg begeistre over den:)
    Selv har jeg ikke hatt sjanse til å lese den. Men fin omtale:)
    Ha en fin søndag videre:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, vi er mange som er begeistra, og jeg trur det er slik at man blir mer og mer fanga jo mer man leser... Liker man stilen MÅ man bare ha mer ;o)

      Slett
    2. Hehe, skjønner. Skal se om jeg får tak i den:) Savner å lese noe som er fascinerende og noe som er avhengighetsskapende for det er så lenge siden sist:/

      Slett
  6. Holdt opptil flere Hoem-bøker i hendene på fredag, nesten spankulerende bort til kassa. Nå angrer jeg litt ekstra på at jeg ikke bare kjøpte de. Har Mors og fars historie stående ulest i hylla. Tror jeg har lyst til å kaste meg over den når jeg er ferdig med boka jeg er midt i for tiden.

    SvarSlett
  7. Åh, jeg elsker "Slåttekar i himmelen" og har som mål å lese alle bøkene av forfatteren etterhvert. Men så var det dette nyttårsforsettet om å lese mest fra bokhylla da, og der står det ingen Hoembøker...foreløpig ;)

    SvarSlett

Hva synes du? Enig? Vet ikke helt? Legg gjerne igjen en kommentar ☺